NPK: Innovasjon Noreg ber om å få skjere ned på støtta til bygging av nye sauefjøs, men landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) seier nei – enda ein gong.
Innovasjon Noreg bad i desember Landbruks- og matdepartementet enda ein gong om å få stramme inn på investeringsstøtta til nybygging av sauefjøs for å dempe den veksande overproduksjonen av lammekjøtt.
Over 3.200 tonn lammekjøtt låg ved nyttår på reguleringslager, nesten dobbelt så mykje som eitt år tidlegare, og prognosane tyder på at overskotet kan auke med 1.300 tonn i 2017, ifølgje Nationen.
– Fagleg sett ønskjer vi ut frå marknadssituasjonen ei innstramming av kriteria for å få tilskot. Det vil dempe ekspensjonen i sauehaldet. Vi tok det opp med departementet, men fekk nei, seier sektoransvarleg for landbruk i Innovasjon Noreg Kjell Brunvoll til avisa.
Departementet avviste også i fjor fleire gonger å stamme inn på sauefjøsstøtta. Landbruksminister Jon Georg Dale meiner det stadig vekk er behov for støtta, og at bøndene sjølv må få vurdere om dei vil satse.
– Det skal vere mogleg for bønder å få støtte til å fornye driftsapparatet. Mange har behov for modernisering og nybygg. Det er viktig ved genersjonsskifte. Det er ein viss overproduksjon akkurat no, men bøndene er kapable til å ta sjølvstendige val, seier Dale til Nationen.
Innovasjon Noreg delte i fjor ut 49,1 millionar kroner i investeringsstøtte til 122 sauefjøs. Støtta svarer til ein kapasitetsvekst på nesten 11.000 vinterfôra sauer.

Publisert: 24.01.2017 14:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42