Kort fortalt

Database om cruise opna for alle

No kan alle sjekke cruisetrafikken.

27.01.2020
(NPK): Gjennom databasen til Kystverket kan alle som vil no sjekka informasjon om cruisetrafikk i norske hamner.
– Vi får stadig spørsmål frå til dømes studentar, konsulentar og journalistar som ønskjer statistikk om cruisetrafikk. Når etterspurnaden er så stor gjennom heile cruisesesongen, har vi vald å gjera statistikken tilgjengeleg og søkbar for alle, seier avdelingsleiar Jon Leon Ervik i i ein omtale på nettsidene til etaten.
Cruisestatistikken blir oppdatert kvar dag og viser cruiseanlegg per år og månad, etter fylke, kommune og hamn. Du kan også få informasjon om talet på passasjerar om bord og fysiske fakta om skipet.

Fleire anløp, fleire passasjerar

Statistikken frå fjoråret viser at det var totalt 2.759 cruiseanløp til norske destinasjonar. Det er 212 fleire anløp enn i 2018 og ein auke på åtte prosent, fortel Kystverket.
Til saman var det over 360.000 fleire passasjerar, totalt nesten 4,1 millionar, innom norske cruisedestinasjonar enn året før. Vestland var det mest besøkte fylket, medan Møre og Romsdal var nest mest populært.
Bergen og Stavanger, toppar mest besøkte cruisedestinasjonane i fjor med høvesvis 338 og 236 anløp. Deretter følgjer Geiranger og Ålesund med høvesvis 210 og 177 anløp. Tromsø og Flåm kjem etter på femte og sjetteplass med høvesvis 158 og 157 anløp. Samanlikna med året før viser statistikken at alle desse cruisedestinasjonane – bortsett frå Bergen – hadde fleire anløp i fjor enn året før.
Ser er på kva kommune som hadde flest cruiseanløp i fjor er det Stranda som toppar statistikken med 354 anløp, før Bergen med 338 anløp. I 2018 var det omvendt, då toppa Bergen med 350 anløp før Stranda 308. Begge kommunane har altså hatt ein auke i cruiseanløp det siste året.
(©NPK)

Publisert: 27.01.2020 22:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30