Kort fortalt

Digerneset Næringspark ber om avklaring

Har teke advokat for å bygge ut meir.

11.01.2021
Medan Digerneset Næringspark vil bygge ut meir, meiner plansjefen i Ålesund kommune at grensa detaljhandel på staden er sprengt. No har næringsparken teke advokat som har sendt brev til kommunen der dei ber om at dei får etablere nye 1200 kvadratmeter i denne varegruppa, skriv .
Advokaten skriv at fleire butikkar på Digerneset driv både detaljhandel og handel med plasskrevjande varer, og at ein avtale mellom næringsparken og tidlegare Skodje kommune legg dette til grunn. Kommunen blir bedne om å halde seg avtalen, og ber om ei avklaring om kommunen har innvendingar.
Plansjef Anette Solbakk i Ålesund seier dei vil gå gjennom brevet og legge fram ei sak for politikarane, truleg i planutvalet 9. februar.

Publisert: 11.01.2021 23:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23