Kort fortalt

Digitalt folkemøte om Hofseth-planar

Vil ha lakseoppdrett i gamle gruver i Storfjorden.

20.01.2021
(NPK): Det er planar om eit stort produksjonsanlegg for laks i fjellhallar i Røbbervika i Storfjorden på Sunnmøre. Det er Roger Hofseth-selskapet World Heritage Salmon AS som har søkt om å få byggje ut.
– Vi håper både søknaden om konsesjon og reguleringsplanen er ferdig i desember 2021. Men dei som arbeider med slike oppgåver heile tida meiner at saka kan vere klar til politisk avgjerd ved neste årsskifte, seier Roger Hofseth til Sunnmørsposten i samband med at det måndag var eit digitalt folkemøte om saka.
Hofseth-konsernet driv både med smoltproduksjon og lakseoppdrett i sjøen i det same området. NETT NO har mellom anna omtala til i fjor.
Roger Hofseth har kjøpt det nedlagde olivinanlegget i Røbbervika, inkludert ei djupvasskai, gjennom sitt private selskap, RH Investments. Det gamle industrianlegget på 2.100 mål skal ha kosta rundt seks millionar kroner.
World Heritage Salmon AS vil sprengje ut tunnelmasse og byggje eit landbasert oppdrettsanlegg i dei gamle olivingruvene. Anlegget skal produsere 100.000 tonn laks i året.
– Eg synest det er positivt at Hofseth vågar å satse og vere så offensive her inne i fjordane hos oss. Det er sjølvsagt mange instansar som skal gå prosjektet nøye etter i saumane og seie sitt før ein kan kome i gang, seier ordførar Eva Hove (Ap) i Fjord kommune til avisa.

Les også:



(©NPK)

Publisert: 20.01.2021 14:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23