Kort fortalt

Direktør går av i Hurtigruten

Fråtredde stillinga allereie i august.

26.10.2020
(NPK-NTB): Konserndirektør for maritime operasjonar i Hurtigruten, Bent Martini, sluttar no i selskapet.
Martini fråtredde stillinga allereie i august, då det braut ut smitte om bord på hurtigruteskipet Roald Amundsen. Det som då var ein mellombels avgang, er no permanent, skriv
I ein e-post til avisa opplyser Hurtigruten at Martini fråtrer stillinga som styreleiar og dagleg leiar i Hurtigruten Cruise AS med verknad frå 9. oktober og at arbeidsforholdet hans opphøyrer 6. november.
Dei neste to vekene skal han fungere som rådgivar for selskapet.
(©NPK)

Publisert: 26.10.2020 09:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24