Kort fortalt

DN: Største aksjefond dårlegast

Dei mest populære fonda med svak avkastning.

02.02.2017
ID: 13411911NPK-NTB
Halvparten av det som blir spart i norske aksjefond, er plassert i tre av dei dårlegaste fonda, ifølgje Dagens Næringsliv. Men for bankane er det god butikk.
Dei mest populære aksjefonda her i landet er også blant dei dårlegaste ifølgje ei undersøking har gjort. Avisa har sett på utviklinga sidan tusenårsskiftet for fond som investerer i aksjar på Oslo Børs.
Aksjefonda det er snakk om er DNB Norge, Nordea Avkastning og Sparebank 1 Gruppens Odin Norge. Desse fonda har til saman i underkant av 15 milliardar kroner til forvaltning og utgjer nesten halvparten av pengane norske privatkundar har plassert i norske aksjefond. Dette er aktive aksjefond, der forvaltarane skal gjere smarte aksjeval og gi betre avkastning enn den generelle børsutviklinga. På delar av 2000-talet har dei ikkje klart dette, skriv DN.
Bankane har likevel tent godt. Dei tre fonda har til saman tent inn 3,4 milliardar kroner i forvaltningshonorar.
Nordea Avkastning har, til liks med DNB Norge, fått kritikk frå Finanstilsynet for å ha vore eit skapindeksfond, altså at det har vore eit passivt fond og at kundane ikkje har fått det dei betaler for. I juni i fjor gjekk Forbrukarrådet til massesøksmål mot DNB på vegner av 180.000 kundar. Rådet meiner kundane har betalt 690 millionar kroner for mykje i gebyr. DNB avviser dette.
(©NPK)

Publisert: 02.02.2017 10:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42