Kort fortalt

Dramatisk hotellnedgang

Belegget er redusert med ein tredel. 

12.03.2020
(NPK-NTB): Hotella i dei største byane har no redusert belegget med om lag ein tredel samanlikna med mars i fjor. På Gardermoen er nedgangen endå større.
Tysdag denne veka hadde hotella på Gardermoen 45 prosent færre selde hotellrom enn tysdag 10. mars i fjor.
Det viser tal frå Benchmarking Alliance, som er omarbeidd av Wiederstrøm Hotel Consulting.
For Oslo, inkludert Fornebu, er nedgangen på 27 prosent. I Bergen er det 29 prosent færre selde hotellrom, medan det er ein nedgang på 35 prosent i Stavanger, inkludert Sola, Sandnes og Jæren.
Hotellbelegget i Trondheim har gått ned med 19 prosent. I Kristiansand er nedgangen 24 prosent og i Tromsø 16.
(©NPK)

Publisert: 12.03.2020 09:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29