NPK: Havforskingsinstituttet vil bruke undervassdroner for å kartleggje bestandane av kongekrabbe og snøkrabbe i nord.
– Vi har to store bestandar i nord: kongekrabbe langs kysten og snøkrabbe i Barentshavet. Desse bestandane er det utfordrande å overvake, seier forskingsdirektør Geir Huse i ein artikkel omtalt i Der fortel Havforskingsinstituttet om planane sine for 2021.
Til no har forskarane brukt trål og ein slede som går på botnen under tokt, men ein AUV (Autonomous Underwater Vehicle), altså eit sjølvgåande undervassfartøy som ikkje blir trekt av eit fartøy, vil kunne operere mykje friare.
– Vi skal teste ut om det fungerer å la AUV-ar sveve over botnen og ta bilete av krabbene, fortel Huse.
Fleire HI-forskarar jobbar no med å kople saman nye teknologiar som maskinlæring og kunstig intelligens med ubemanna dronar.

Publisert: 04.01.2021 13:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23