Kort fortalt

Dyrare enn venta

Bedriftskontantstøtte til 50 milliardar. 

30.03.2020
NPK-NTB: I eit brev til Stortinget anslår finansministeren at kontantstøtta til bedriftene vil koste 50 milliardar kroner fram til slutten av mai, melder TV 2.
I eit brev frå finansminister Jan Tore Sanner (H) til Stortinget, som , heiter det at anslaga framleis er uvisse og blir oppdaterte i eit dokument som blir lagt fram fredag.
Regjeringa varsla førre veke at dei opprettar ei ordning der staten dekkjer ein del av dei faste kostnadene for bedrifter som har betydeleg nedgang i omsetnaden som følgje av virusutbrotet og smitteverntiltaka.
Fredag sa Sanner at ordninga ville koste 10 til 20 milliardar kroner per månad. No viser utrekningar at kostnaden blir minst 20 milliardar i månaden. Det vil seie opp mot 50 milliardar kroner fram til utgangen av mai.

Publisert: 30.03.2020 15:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29