Kort fortalt
Dyster rekord på oppreinskingstokt
Aldri samla inn meir tapte fiskereiskaper.
25.09.2023
NPK-NTB: Fiskeridirektoratets har fjerna 1339 garn frå havbotnen i årets oppreinskingstokt for tapte og attståande fiskereiskapar til havs. Det er ny rekord.
Fiskeridirektoratets årlege opprenskningstokt etter tapte og attståande fiskereiskapar til havs har gått føre seg i over 40 år for å redusera marin forsøpling og spøkjelsesfiske.
Tidlegare garnrekord frå 1992 var på 1180 garn. I år har det innleigde fartøyet M/S Vikingbank heldt på frå Ålesund i sør til Kirkenes i nord i meir enn 40 døgn frå byrjinga av august til slutten av september.
Publisert: 25.09.2023 15:20
Sist oppdatert: 26.09.2023 15:02