Kort fortalt

Dårlege år for olje og gass

Produksjonsverdien ned 18,5 prosent.

16.12.2020
NPK-NTB: 2019 var eit uår for olje- og gassindustrien. Produksjonsverdien enda på 641 milliardar kroner, eit fall på 18,5 prosent frå året før.
Årsaka er kombinasjonen av lågare prisar og produksjonsvolum, ifølgje (SSB).
Fallet i 2019 kjem etter to år med oppgang. Men allereie i 2018 åtvara SSB om at utvinningsnæringane måtte førebu seg på lågare aktivitet i tida framover.
Førebels held sysselsetjinga i olje- og gassnæringane seg likevel stabil. Dei såkalla tenesteytande næringane, det vil seie utvinning, røyrtransport og tenesteyting, har på si side hatt ein auke på 10,1 prosent. Dermed stod denne sektoren for 58,2 prosent av sysselsetjinga i 2019.

Publisert: 16.12.2020 10:13

Sist oppdatert: 07.04.2021 21:37