NPK-NTB: Berre éin ny ikkje-samanslått kommune har innført eigedomsskatt i 2020. Samtidig har 32 samanslåtte kommunar innført skatten. 20 av desse inkluderer bustader.
Samtidig har fem nye kommunar enno ikkje bestemt om dei skal ha eigedomsskatt, viser tal frå (SSB).
20 av dei 32 kommunane har eigedomsskatt på bustader, inkludert fritidseigedommar. Dei resterande har berre eigedomsskatt på vindkraftverk, vasskraftverk og petroleumsanlegg.
Blant dei 313 ikkje-samanslåtte er det ein liten auke frå 281 til 282 kommunar med eigedomsskatt, med Eidsvoll som einaste nye kommune i 2020.
Totalt har 222 ikkje-samanslåtte kommunar eigedomsskatt på bustader, ein auke på tre kommunar.

Publisert: 16.03.2020 10:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29