(NPK): Meir enn ein tredel av klippfiskmarknaden har falle bort i løpet av 2020, skriv NRK.
– Det meste av den norske sjømaten har fått merke nedstenginga som følge av koronapandemien, skriv sjømatanalytikar Ingrid Kristine Pettersen i Noregs sjømatråd i ein e-post til .
Fiskeslag som sild og makrell, har hatt ei god omsetning i Japan og Sør-Korea, fordi pandemien har vore under kontroll. Salet av fersk torsk til Spania, laks til USA og Frankrike, og klippfisk til Den dominikanske republikk, har òg gått bra. Men Pettersen fortel at det er markert nedgang i salet av laks til Kina, klippfisk til Portugal og tørrfisk til Italia.
I Brasil, der klippfisken tradisjonelt står sterkt, blir salet av klippfisk ramma av ei trippel krise. Kjøpekrafta er svakare, og valutaen i Brasil er kraftig svekt. I tillegg er bacalao i Brasil eit festmåltid, der mange et saman. Det er det ikkje rom for no.
(©NPK)

Publisert: 02.12.2020 14:18
Sist oppdatert: 07.04.2021 21:10