(NPK-NTB): Senterpartiets Sigbjørn Gjelsvik meiner Frp sviktar både luftfarten og andre kriseramma bedrifter gjennom krisepakken dei har forhandla fram med regjeringa.
– Då eg høyrde Frps retorikk førre veke, trudde eg at dei hadde teke inn over seg det store alvoret som arbeidsfolk og bedrifter i Noreg står i no. Når eg ser det som kjem i dag, så er ikkje det i nærleiken av å svare på det, seier Gjelsvik til NTB.
Han meiner både at kompensasjonsordninga burde dekt fleire kostnader, og at den burde vart heilt fram til sommaren, slik at situasjonen kunne vorte meir føreseieleg for kriseramma bedrifter.
– Ein må jo vere ærleg overfor folk, og seie at her må du leve med uvisse inn i jula og neste år om denne støtta skal vare eller ikkje, slik denne pakken er no. Eg må seie at det er eit ekstremt mageplask frå Frp si side, seier Gjelsvik.
Krisepakken som regjeringa og Frp har vorte samde om, inneber at flypassasjeravgifta blir fjerna gjennom heile neste år. Regjeringa forpliktar seg òg til å komme tilbake med eit forslag om fleire tiltak for luftfarten i januar. Det er langt ifrå nok, ifølgje Gjelsvik, som meiner luftfarten allereie no burde inn i kompensasjonsordninga.
– Dessverre ser vi her at Frp er villig til å stille opp på ting som i praksis er ikkje noko. Dei snakka i store ord om luftfarten førre veke, og så kjem dei tilbake med dette nokon få dagar seinare. Frp har stadfesta kva dei er, dei er eit reint støtteparti for regjeringa.
(©NPK)

Publisert: 16.11.2020 23:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24