Kort fortalt

Ekstra oksygen skal knekke lusa

Testar nye metodar på Smøla.

24.01.2017
(NPK): Ved å samkøyre bruken av luseskjørt, reinsefisk og oksygentilsetting, håpar eit nytt utviklingsprosjekt å gjere livet betre for fiskar i oppdrettsanlegg.
Selskapa Nekton Havbruk, Pure Farming, Nofima og Storvik Aqua er med i prosjektet som er lagt til forsøksanlegget Gullklakken på Smøla. Ved å bruke både luseskjørt, reinsefisk og oksygentilsetting saman, håpar dei å oppnå betre lusekontroll, forbetra fiskevelferd og dermed raskare tilvekst.
Utgangspunktet for prosjektet er at forsking viser at appetitten, helsa og tilveksten til fisken har ein klar samanheng med oksygennivået i vatnet. Ein ekstra bonus er at oksygentilsettinga gjer at luseskjørta kan vere på i merden heile produksjonstida, skriv Storvik Aqua i ei pressemelding.

Publisert: 24.01.2017 16:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42