NPK-NTB: I juli enda elbildelen i nybilsalet på 45,1 prosent, viser tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken. Det er ikkje Elbilforeningen fornøgd med.
Stortinget har eit mål om 100 prosent nullutslepp i nybilsalet innan 2025, noko Elbilforeningen meiner kan bli vanskeleg å oppnå. Dei meiner at elbildelen burde vore over 50 prosent no, og nærme seg 60 prosent ved årsskiftet viss målet skal nåast.
– Noreg er landet i verda med desidert flest elbilar per innbyggjar, men målsetjingane framover er ambisiøse. Skal vi nå målet om 100 prosent elektrisk nybilsal i 2025, må både salstala opp og utbygginga av hurtigladarar halde tritt med talet på elbilar på vegane, seier kommunikasjonsleiar Unni Berge i Norsk elbilforeining.
Etter første kvartal i år, var elbildelen over 50 prosent, men salet dei siste månadene dreg delen så langt i år ned til 47,7 prosent.
Denne sommaren har mange elbileigarar brukt bilen på sommarferie, noko som har ført til lange ladekøar.
– For at alle skal velje elbil må lading gjerast enkelt og tilgjengeleg. Det må bli like enkelt å hurtiglade som å fylle bensin og diesel. Dit er det eit stykke igjen, konstaterer Berge.
Elbilforeningen meiner at det må byggjast ladestasjonar for kvar 50. kilometer langs fylkesvegane og dessutan store ladeparkar med minst 50 hurtigladarar for kvar 150. kilometer langs hovudvegnettet i Noreg viss det skal monne.

Publisert: 04.08.2020 07:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25