Kort fortalt

Endra straumar i Norskehavet

Havet vert varmare og saltare.

NPK
21.06.2022

Frå 2017–2019 var det ein relativ auke av både arktisk vatn og dyreplankton i Norskehavet. Sidan då har tendensen vore at havet blir varmare og saltare.

Det går fram av ein studie frå Havforskingsinstituttet (HI).

Forskarane har funne at åra frå 1995 kan delast inn i tre periodar:

1995–2005: I denne perioden dominerer vasstilførselen frå arktiske havområde. Norskehavet får tilført mest av det kalde og relativt ferske vatnet frå havområda rundt Island og Grønland. I denne perioden var dyreplanktonmengda stor.

2006–2016: Norskehavet får tilført meir av vassmassane som strøymer inn frå Atlanterhavet via Golfstraumen. Det atlantiske vatnet er varmare og meir salthaldig enn vatnet frå Arktis. I denne atlantiske perioden har dyreplanktonmengda vore på eit lågare nivå.

2017–2019: I denne siste perioden ser forskarane ein relativ auke av både arktisk vatn og dyreplankton.

– Denne siste endringa er likevel truleg forbigåande, og Norskehavet viser no igjen ein tendens mot eit varmare og saltarar, meir «atlantisk» havklima, seier HI-forskar og oseanograf Øystein Skagseth i ei sak på nettsidene til HI.

Studien blir presentert på ein forskarkonferanse i Bergen denne veka.

Publisert: 21.06.2022 16:41

Sist oppdatert: 21.06.2022 16:42

Mer om