Kort fortalt

Energisamling i Bergen

Småkraft og Hydrogen samlast til konferanse i Bergen.

16.03.2018
NPK: Heile småkraftbransjen samlast i Bergen under Småkraftdagane 20.–22. mars. Denne gongen har også den norske hydrogenbransjen lagt den årlege medlemssamlinga si til dagane.
Det er venta totalt over 400 deltakarar og 50 utstillarar på konferansen desse dagane.
– Det er igjen optimisme i småkraftbransjen etter nokre år prega av låge kraftprisar. Det vert no bygd nye kraftverk fleire stader i landet. Samtidig leitar bransjen etter nye forretningsmoglegheiter, noko samarbeidet med Norsk Hydrogenforum er eit tydeleg signal om. Ikkje minst på Vestlandet er aktivitetsnivået på dette området høgt og det gjer Bergen ekstra eigna som konferanseby denne gongen, seier dagleg leiar Knut Olav Tveit i Småkraftforeninga.

Publisert: 16.03.2018 15:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39