NPK-NTB: Staten brukte over 7,8 milliardar kroner på konsulenttenester i 2019. Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum reager på pengebruken.
Vedum meiner at mykje pengar går ut på kort tid, fordi konsulentane som blir leigde inn, har høge timelønningar, skriv .
Konsulentar blir leigde inn for ulike formål, som å lage rapportar eller hjelpe innan kommunikasjon, juss og økonomi. Andre hjelper til i utviklinga av ny programvare og IKT-løysingar.
Vedum trekkjer fram at staten brukte 700 millionar kroner på kommunikasjon åleine i fjor. Han meiner dette er pengar som heller kunne vorte brukte til å redusere prisane på flybillettane i kortbanenettet.
Sp-leiaren vil stoppe innleige av kommunikasjonsbyrå i staten, dersom han kjem til makta i 2021.
– Pengane går kjempefort. Det må mange vanlege skattebetalar til for å betale for dette. Grunnen til at vi er opptatt av dette, er fordi det er dyrt og at blir ein bransje som blir større og større og får meir indirekte makt, seier Vedum.
Høgre har tidlegare uttala til at det er nødvendig at statlege etatar kan nytte seg av meir mellombelse løysingar.
– Dersom alternativet er å tilsetje alle ein har mellombels behov for i faste stillingar, så er det eit vanvitig misbruk av både økonomiske og menneskelege ressursar, seier Heidi Nordby Lunde i Høgre til avisa.
(©NPK)

Publisert: 23.01.2020 07:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30