(NPK-NTB) Forsking viser at det i snitt er rundt 200 kilo plast og anna søppel per kvadratkilometer langs norskekysten. Aller verst er situasjonen vest for Ålesund.
I kystområda utanfor vestlandsbyen kan søppelmengda liggje på nærmare ti tonn per kvadratkilometer, skriv .
I Mareano-prosjektet, som blir drive av Havforskingsinstituttet i samarbeid med fleire andre aktørar, blir blant anna søppel på havbotnen registrert.
– Med visse grove overslag indikerer desse observasjonane ei gjennomsnittleg mengd søppel på rundt 200 kilo per kvadratkilometer for heile kartleggingsområdet. Lokalt kan mengdene kome opp i nærmare 10 tonn per kvadratkilometer nær kysten, seier forskar Bjørn Einar Grøsvik.
Kvart år døyr mange fuglar, sjøpattedyr og havskilpadder fordi dei set seg fast i søppelet eller forvekslar det med mat. Denne veka skapte ein avliva gåsenebbkval på Sotra internasjonal merksemd då forskarar fann 30 plastposar i magen på dyret.
På verdsbasis utgjer plast om lag 80 prosent av søppelet i havet. Det er rekna med at det hamnar mellom fem og tretten tonn plast i verdshava kvart år.

Publisert: 03.02.2017 15:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42