NPK-NTB: Norske forskarar har gjort funn av marine mineral med ein verdi på anslagsvis 1.000 milliardar kroner på havbotnen ved Svalbard.
Det dreier seg mellom anna om kopar, sink, gull og sølv, ifølgje . Det er forskarar ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim som har gjort funnet.
– Minerala har komme opp med varmt vatn frå jordas indre gjennom sprekkar i jordskorpa. Eit førebels estimat er at det er verdiar for 1.000 milliardar kroner, fortel Egil Tjåland, instituttleiar for geovitskap og petroleum på NTNU.
Resultata vart presenterte på forskarkonferansen Arctic Frontiers i Tromsø tysdag.
– Det er enno mykje uvisse rundt anslaget, det kan vere mykje meir eller litt mindre, seier han til kanalen.
Regjeringa foreslo sommaren 2018 ei havbruksminerallov for å sikre berekraftig og lønnsam forvaltning av mineralførekomstane på norsk kontinentalsokkel. Lova legg til rette for at kommersielle selskap skal kunne konkurrere om å få leite etter og vinne ut mineralførekomstar på havbotnen.
Minerala blir i dag nytta i mellom anna i vindmøller, elbilar, batteri og i legeringar med aluminium. Oljedirektoratet er allereie i full gong med ei kartlegging, og det er påvist både mangankorper og sulfid på store havdjup i Norskehavet ved Jan Mayen og altså ved Svalbard.

Publisert: 29.01.2020 05:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30