NPK-NTB: Under halvparten av dei tilsette på Martin Linge-feltet blir igjen sende ut etter at Equinor stoppa opp arbeidet på feltet tidlegare i mars.
Etter planen skal Martin Linge-feltet i Nordsjøen starte produksjonen mot slutten av året. Tidlegare i mars testa ein person på feltet positivt på koronaviruset. Derfor vart arbeidet utsett, og dei fleste av dei 776 tilsette vart sende tilbake til land.
Torsdag kom meldinga om at Equinor startar opp arbeidet att. Bustadplattforma Floatel Endurance er no på veg ut i Nordsjøen frå Ågotnes vest for Bergen.
– Vi byrjar med ei gradvis oppbemanning av prosjektet. 144 personar er om bord på flotellet, i tillegg går det to helikopter ut i dag, seier talsperson Eskil Eriksen i Equinor til .
I første omgang skal 300 personar tilbake på prosjektet.

Publisert: 26.03.2020 15:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29