Kort fortalt

Erna med juleåtvaring

Opnar for strengare smittetiltak.

24.12.2020
NPK-NTB-Kristian Skårdalsmo: Smitteutviklinga dei neste to vekene avgjer i stor grad korleis starten på 2021 blir. Statsministeren opnar for endå strengare tiltak viss smitten aukar.
– Vi kan plutseleg få stengingar som er sterkare i januar og februar, med situasjonen vi har i dag. Eller vi kan få den gradvise oppmjukinga som vi jo håpar det blir, seier statsminister Erna Solberg (H) til NTB.
– Vi kan få ei tredje bølgje, som ein konsekvens av at folk tenkjer: «No er det ikkje så farleg, for det er ikkje så mange gamle som blir sjuke». Det kan vere heilt riktig, men det er framleis veldig mange andre som kan bli veldig sjuke av dette, seier ho.
Statsministeren har reist til Bergen for å feire jul.
Med seg til heimbyen har ho éi stor bekymring: At nordmenn no senkar skuldrene for mykje.
– Vi følgde råda til helsestyresmaktene då vi opna opp for at det kunne vere fleire gjester to gonger i jula. Men eg er bekymra for at ikkje alle har fått med seg at føresetnaden er at ein då møter endå færre både før jul, i romjula og etter nyttår, seier Solberg.
– Eg må oppmode alle å vere veldig forsiktige i jula.
Ho erkjende nyleg overfor NTB at regjeringa konkret vurderte å stengje ned samfunnet i nokre veker rundt årsskiftet. Grepet vart droppa då smitten fall.
Det mest positive scenarioet inneber at vaksinasjon kjem for fullt over nyttår, parallelt med at dei strenge tiltaka i dag verkar og fører smitten ned. Då vil tiltaka gradvis kunne avskaffast og samfunnet gå mot normalen.
I motsett fall fører ein uforsiktig høgtidsfeiring til smitteblomstring – og strengare tiltak i januar.
– Absolutt. Vi må vere førebudde på at det kan komme. Derfor er det viktig til at vi ikkje bidreg til det og slappar av, fordi det no kjem gladnyheiter om vaksinasjon av dei første eldre, seier Solberg.
– Gleda må ikkje gjere at avstanden blir mindre, for å seie det sånn.
Statsministeren er ikkje i tvil om at ei ny smitteblomstring kan bety utfordringar for helsesektoren, ved at mange personar blir alvorleg sjuke. Det tek dessutan tid å få vaksinert alle sårbare grupper.
Erna Solberg trekkjer opp nokre hovudstolpar i strategien sin for 2021. Planen er å halde fram med testing, isolasjon, smittesporing og karantene, slå ned lokale utbrot og vidareføre strenge tiltak lokalt og også nasjonalt.
– Eg ser ikkje for meg no at vi kjem til å vere fri for nasjonale tiltak før ganske langt ut i 2021, seier Solberg.
– Men vi skapar nokre sideeffektar av denne typen tiltak som går på helse i eit utvida helseomgrep – einsemd og andre opplevingar av at livet er mindre verdifullt.
Mot dette bakteppet trekkjer ho opp kva grupper som først kan få lettingar:
* Studentar bør få sjå noko anna enn ein dataskjerm og oppleve auka aktivitet for å motverke psykiske plager.
* Det er eit mål at færrast mogleg kommunar skal vere nøydde til å halde skulane på raudt nivå.
* Vaksinar til sårbare eldre kan gi lettingar i besøksrestriksjonane og dermed betre livskvalitet.
Men vaksinar til trass: Solberg tør ikkje garantere for ein normal sommar med normale aktivitetar for nordmenn flest.
– Vi vil gradvis kunne auke kor mange som kan vere saman, og kva aktivitetar det kan opnast for. Men dei store massearrangementa står sist på lista, seier ho.
(©NPK)

Publisert: 24.12.2020 11:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23