(NPK-NTB): Statsminister Erna Solberg (H) ser ikkje bort frå ei oppløysing av dei nye regionane i Noreg dersom det viser seg at reforma frå 2017 ikkje lever opp til forventningane.
I ein debatt med Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum i Politisk kvarter på NRK onsdag svarer statsminister Erna Solberg (H) at ei oppløysing av dagens fylke truleg vil bety ein slutt for heile dette mellomleddet i norsk forvaltning.
Utspelet kom etter at Vedum kritiserte statsministeren for reformene regjeringa har gjort for å rydde opp i den offentlege administrasjonen av Noreg.
– Regjeringa skulle gjere ting enklare, men så har dei ikkje rydda i det heile, sa Vedum, som viser til misnøya i mellom anna Viken og Troms og Finnmark etter regionreforma. I juni sende Troms og Finnmark søknad om få oppheva samanslåinga av dei to tidlegare fylkeskommunane.
– Dersom det blir oppløysing av desse regionane, så er vi tilbake i ein situasjon der vi kjem til å levere dårlegare på ein del av dei oppgåvene vi har overført. Sannsynet for at vi kjem til å få nedlagt dette fylkesnivået er større, svarte Solberg, som ikkje legg skjul på at dette eigentleg er Høgres ultimate mål.
– Dette har vore eit sårt punkt på organiseringa av Noreg i 20 år. Det har vore fire ulike utgreiingar, vi har aldri treft heilt blink på dette. No har vi gjort eit større grep denne gongen, og så håpar eg vi får tid til å sjå om dette er svaret på korleis eit regionsnivå skal vere. Viss ikkje, trur eg det er farvel til dette regionsnivået, og det er jo det vi meiner i Høgre, seier Solberg.
(©NPK)

Publisert: 09.12.2020 11:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24