(NPK-NTB): Hydro og Lyse slår saman delar av vasskraftproduksjonen sin for å skape ein sterk felles kraftaktør. Det nye selskapet skal heite Lyse Kraft.
Kraftverka som blir fusjonerte, ligg på Sør-Vestlandet, og Hydros Røldal Suldal Kraft-anlegg (RSK) inngår saman med det meste av Lyses kraftportefølje, skriv Norsk Hydro i ei
– Dette er ein gledesdag for oss som trur på norsk fornybarbasert industri. Avtalen er strategisk svært viktig sidan han vernar verdiane som RSK-anlegga representerer for Hydro og bidreg til føreseielege vilkår for vidare industriutvikling i Noreg, seier konsernsjef Hilde Merete Aasheim i Hydro.
Hydro skal eige 25,6 prosent og Lyse skal eige 74,4 prosent av aksjane i selskapet.
Avtalen inneber at RSK-anlegga ikkje heimfell i slutten av 2022, og at kraft frå det nye Lyse Kraft DÅ framleis kan nyttast til Hydros aluminiumsproduksjon i Noreg.

Publisert: 21.10.2020 11:52
Sist oppdatert: 07.04.2021 18:05