Etterlyser offentleg produktivitetsauke
Riksrevisoren om «norsk sjuke».
(NPK-NTB): Karl Eirik Schjøtt-Pedersen seier nesten ingen snakkar om det, men det er godt kjent: Vi blir fleire eldre og færre til å levere tenestene dei treng.
I opningstalen sin under Forbedringskonferansen tysdag spurde riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen om vi har fått ei «norsk sjuke» der vi vegrar oss mot å redusere utgiftene.
– Rett og slett fordi vi har oljepengar som gjer det mogleg å la vere?
Riksrevisjonens forbetringskonferanse handlar om korleis staten skal klare å levere tenestene som innbyggjarane treng, når vi blir fleire eldre, færre yrkesaktive og inntekta frå oljeverksemda betyr mindre enn før.
Schjøtt-Pedersen trekkjer fram to behov. Både å redusere utgifter og for å auke produktiviteten i offentleg sektor.
– Viss vi klarer å få meir ut av den arbeidskrafta og dei pengane vi rår over, viss vi målretta utnyttar dei moglegheitene den digitale teknologien opnar, så kan vi klare utfordringa vi står framfor. Det krev at vi gjer medvitne val – og klarer å ta vanskelege val, seier riksrevisoren.
ifølgje Riksrevisjonen vil talet på innbyggjarar over 80 år doblast fram til 2040. Dei totale utgiftene til alders- og uførepensjon, helseteneste og eldreomsorg vil auke kraftig fram mot 2060.
(©NPK)
Publisert: 21.11.2023 11:37
Sist oppdatert: 21.11.2023 11:37