Kort fortalt

EU vurderer vaksinepass

Vaksinesertifikat kan bli nøkkelen til gjenopning av grensene i Europa.

15.01.2021
– Dette er ei viktig sak for fri ferdsel i EU, seier ein talsperson for EU-kommisjonen til NTB.
Talspersonen opplyser at EU-kommisjonen no er i «aktiv diskusjon» med medlemslanda om eit felles system for vaksinesertifikat.
Håpet har mellom anna vore at dei såkalla vaksinepassa skal gjere det mogleg for vaksinerte å sleppe karantene når dei kryssar grensene.
I tillegg kan passa opne eit rom for store konsertar, festivalar og andre arrangement med mange deltakarar.
Om det kan bli aktuelt i Noreg med eigne reglar for dei som er vaksinerte mot covid-19, er ikkje avklart.
– Det er ikkje teke stilling til om framlegging av dokumentasjon på gjennomført vaksinasjon kan gi fordelar ved innreise eller deltaking ved arrangement, seier statssekretær Maria Jahrmann Bjerke (H).

Publisert: 15.01.2021 06:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23