Kort fortalt

Europeisk lakseskattprotest

Europeiske organisasjonar protesterer mot norsk grunnrenteskatt.

02.01.2023

NPK-NTB: To europeiske oppdrettsorganisasjonar har meldt seg på i høyringsrunden om grunnrenteskatten i havbruket. Dei protesterer mot planane til regjeringa.

AIPCE og Cep, to europeiske paraplyorganisasjonar for sjømatnæringa, vil at den planlagde grunnrenteskatten skal skrinleggjast.

– AIPCE-Cep ber om hastetiltak for å gå tilbake til normal verksemd og for å sikre ein føreseieleg situasjon for EU-kjøparar av norske havbruksprodukt, skriv dei ifølgje IntraFish.

Organisasjonane representerer 3.900 selskap med 128.000 tilsette.

Dei endelege detaljane i ordninga er ikkje klare, og forslaget er ute på høyring med frist 4. januar. Organisasjonane meiner at dette skaper ei uvisse i sjømatnæringa som strekkjer seg ut over Noregs grenser.

Publisert: 02.01.2023 12:52

Sist oppdatert: 02.01.2023 12:54