Kort fortalt

Fare for storstreik

Brot i forhandlingane mellom LO, YS og NHO.

22.03.2018
NPK-NTB: Det er brot i lønnsforhandlingane mellom NHO og LO og YS. No er det opp til Riksmeklaren å hindre storstreik i privat sektor.
Fristen gjekk formelt ut først klokka 24 torsdag kveld, men partane har stått så langt frå kvarandre at dei valde å kaste inn handkledet fleire timar før fristen gjekk ut.
Forhandlingane går dermed over i såkalla frivillig mekling. Dersom den ikkje fører fram innan 22. mars, går ein over til tvungen mekling på Riksmeklarens kontor 3. april med frist laurdag 7. april.
Dersom dei heller ikkje blir samde der, blir landet ramma av storstreik frå og med søndag 8. april.

Publisert: 22.03.2018 17:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39