Kort fortalt

Fekk 20.000 kroner i smittebot

Gjekk på nabofest under karantenen.

24.03.2020
Møre og Romsdal Politidistrikt ila tysdag eit forelegg på 20 000 kroner til ein privatperson for brot på Smittervernlova § 4 - 3 si forskrift om karantene, isolasjon og forbod mot opphald på fritidseigedomar mv. i samband med utbrudd av Covid-19 § 2.
Dette opplyser Politiet i ei pressemelding.
Vedkomande, som er tilsett i helse og omsorgstenesta i ein kommune i politidistriktet, hadde i perioden 10-12 mars vore i kontakt med ein bekrefta Covid 19-smitta person, og vart av arbeidsgivar ilagt 14 dagar karantene. Dette pålegget braut vedkomande ved å gå på fest i eit nabohusvære natt til 21. mars.
Politiet opplyser at vedkomande skal ikkje ha vore på arbeid i perioden etter pålagt karantene.
Brotet skjedde i privat samanheng. Det var vedkomande sjølv som varsla arbeidsgivar om hendinga.
Forelegget er forkynt og vedtatt.

Publisert: 24.03.2020 17:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29