Kort fortalt

Fekk pengegåve til industriutstilling

Avgjerande for realisering av Stranda-planar.

10.03.2020
Initiativtakarane til ei utstilling om industrien på Stranda er komne eit langt steg nærare etter at dei fekk fleire pengegåver, ifølge .
Måndag fekk dei overlevert 400.000 kroner i gåvemidlar frå Sparebanken Møre og 200.000 kroner frå Gjensidige Indre Sunnmøre ved Terje Langlo.
– Vi har fått ein kjemperespons. Tonen har vore «ja, ja, ja» frå alle – både frå industrien sjølv og frå bygdefolket. Stranda er ansvarleg for både den første olabuksa i Noreg (frå Møreklær red. anm.) og den første nylonskjorta (frå Alvo red. anm.), og båe delar blir utstilt. Samt mykje meir. Det blir ei utstilling som famnar breitt, seier Reidar Lunde og Helge Søvik i styringsgruppa til avisa.
Planen er å opne neste vår og halde ope frå mai til september, som ein del av designvegen – eit interkommunalt samarbeid mellom Stranda, Sykkylven, Stryn og Volda om opplevingar og turistmål langs fylkesveg 60, ifølgje avisa.

Publisert: 10.03.2020 09:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29