Gjermund Langset innfelt Bauta Fishfarm
KLAR: Gjermund Kvernmo Langset (innfelt) skal leie Bauta Fishfarms. Selskapet satsar på å vere klar når dei venta politiske avklaringane om opning for lukka anlegg i sjø kjem. Illustrasjon: Bauta Fishfarms
Nytt

Trur på industrieventyr med lukka anlegg

Bauta Fishfarms har ein rekke lokale investorar på laget - og satsar på å bygge 30 lukka oppdrettsanlegg i året.

25.03.2025

Bak Bauta Fishfarms står Bauta Group, Larsnes Mek. Verksted, Glen Gradley og Sandøy-brørne i brønnbåtreiarlaget Rostein, Inge Huse i vinsjleverandøren I.P. Huse og oppdrettarane Prophylaxia. 

Også dei opprinnelege grunnleggarane, Aasmund Torvik og Bjørn Ove Endresen, er med. 

«Vi er overbevist om at lukka merder vil spille en avgjørende rolle i fremtidens havbruk. Både for å handtere dagens utfordringer og for å legge til rette for en framtidig vekst", seier Gjermund Langset (innfelt i illustrasjon) i Bauta Group og dagleg leiar i Bauta Fishfarms i ei pressemelding.

Selskapet Susteni i Ulsteinvik har stått for engeneeringarbeidet med anlegget. 

Etablert i 2016
Forløparen til Bauta Fishfarms, Marad Norway, vart etablert i 2016.

Ideen var å bygge lukka oppdrettsanlegg i stål, som skal flyte i sjøen.

Selskapet nådde ikkje opp i konkurransen om å få løyve til å drive oppdrett -såkalla utviklingkonsesjonar, men heldt seg likevel flytande. 

I 2022 kjøpte Bauta Group i Tomrefjord seg inn i selskapet. No er planen å kunne starte bygging av anlegg frå og med i år. 

Vil bygge i Noreg
Produksjonen kan i praksis skje ved norske verft langs heile kysten. 

Med ei byggetid på 8 måneder og serieproduksjon av panel, kan Bauta Group levere opptil 30 anlegg i året. Og kapasiteten kan aukast med auka etterspurnad, heiter det i pressemeldinga.

Stålmerda skal ha eit volum på 10.000 kubikkmeter, og ei levetid på 40 år.

Framlegg på høyring
Nærings- og fiskeridepartementet kom i desember i fjor med eit framlegg til regelverk for å stimulere til bruk av lukka anlegg i sjø.  

Framlegget er at oppdrettarar med anlegg i området der bransjen er pålagt å reduserer produksjonen av miljøomsyn, kan få produserer det same volumet dei er pålagt å redusere - om det skjer i lukka anlegg.

Høyringsfristen gjekk ut i førre veke. 

Bauta Fishfarms skriv i sitt høyringsvar at selskapet håpar på betre stimuleringsordningar for å få til ein overgang til lukka anlegg: 

«Vi i Bauta Fishfarms er glade for at endelig kommer et forslag på bordet som aktørene kan diskutere rundt, med mål om en ordning som fører til varig endring og tilrettelegging for vekst. Vi har likevel forventninger om at både Miljøfleksordningen og den kommende Havbruksmeldingen skal være enda tydeligere i både krav og incentiver som stimulerer til investeringer i ny teknologi», heiter det uttalen.

Fleire aktørar satsar på lukka anlegg til oppdrett, mellom anna Ovum som har utvikla konseptet «Egget» og MMC First Process

Publisert: 25.03.2025 12:00

Sist oppdatert: 25.03.2025 20:12

Mer om