Det fram til no største oppkjøpet Vestnes-selskapet Bauta Group har gjort er Nordvest Sveis i 2021. Det selskapet hadde 48 millionar kroner i driftsinntekt i året då det blei kjøpt.
Norsk Sveiseteknikk i Hokksund hadde om lag seks gangar høgare driftsinntekt i fjor, ifølgje dagleg leiar Daniel Sundet i Bauta Group.
Selskapet har 22 tilsette og sel sveisetråd både til norske og utanlandske kundar, og har eit samarbeid med japanske Nippon Steel.
Det er dagleg leiar og eigar Åge Ingebrigtsen som sel. Partane opplyser ikkje kjøpesummen og i kva form oppgjeret skjer.
Innspel frå tilsette
Ifølgje ei felles pressemelding blei dei knytt kontakt mellom dei to selskapet etter innspelt frå dei tilsette i Norsk Sveiseteknikk:
«I forbindelse med at Ingebretsen skal pensjonere seg, var han på utkikk etter nye eiere som kan drive livsverket videre. I dialog med de ansatte ble Bauta Group foreslått som en interessant aktør, et selskap de allerede hadde et veldig godt forhold til. Åge fulgte rådet fra de ansatte og tok kontakt med Bauta-gründer John Arve Sundet», heiter det i pressemeldinga.
Held fram med eige namn
Drifta av Norsk Sveiseteknikk skal halde fram som før, og under eige namn, ifølgje pressemeldinga.
Publisert: 31.03.2025 10:45
Sist oppdatert: 31.03.2025 11:42