NPK-NTB: Då koronapandemien ramma Noreg i fjor, vart det full stopp for hotella. Talet på besøk fall med 41 prosent – 5 millionar færre enn året før.
Det er tal frå Statistisk sentralbyrå som viser den dramatiske konsekvensen pandemien har hatt for kommersielle overnattingsverksemder i Noreg. Den viser eit bortfall av utanlandske gjester på rundt 70 prosent og samtidig ein betydeleg svikt i talet på norske besøkjande med 17 prosent.
– 2020 var eit vanskeleg år for mange i overnattingsbransjen. I januar og februar auka talet på overnattingar samanlikna med tilsvarande månader året før. Etter restriksjonar for å bremse pandemien, stoppa næringa heilt opp. Unntaket var juli, då mange nordmenn drog på ferie i Noreg, seier seniorrådgivar Jarle Kvile i SSB.
Totalt viser tala at det var 23,7 millionar overnattingar ved hotell, hytter, vandrarheimar og campingplassar i fjor. Året før var det 35,2 millionar overnattingar.
Hotella har registrert omtrent 14,7 millionar overnattingar i fjor, ein nedgang på 41 prosent. Det var 71 prosent færre utanlandske overnattingar og 29 prosent færre norske.
Totalt sett kom campingplassane best ut av fjoråret. Sjølv om også dei vart hardt ramma av fråfallet i utanlandske turistar, valde fleire nordmenn enn elles å reise på noregsferie
– Talet på norske overnattingar på campingplassar auka med over 1 million i fjor. Sjølv om også campingbransjen har kjent restriksjonane godt, kom dei best ut av året som vart sterkt prega av pandemien, seier Kvile.

Publisert: 29.01.2021 10:32
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23