Kort fortalt

- Ferjefri E39-tal er «høl i huet»

Det meiner professor.

02.11.2020
NPK: Professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet meiner det er oppsiktsvekkande at ikkje klimaeffekten alle myrane utgjer, blir rekna med når Vegvesenet har konkludert med at ferjefri E39 vil ha ein klimagevinst.
– Dersom det blir framheva som eit klimatiltak å byggje den vegen, utan å ha rekna på utslepp frå myr, så er det heilt «høl i huet», seier Anne Sverdrup-Thygeson, professor i bevaringsbiologi på Institutt for Naturforvaltning ved NMBU, til .
NRK har forklart korleis det i planlegginga av ferjefri E39, ikkje er rekna på totale og moglege utslepp frå hundrevis av myrar, som kan bli ramma av vegbygginga. Statens vegvesen skriv til NRK at dei ikkje har undersøkt myrane som kan bli bygde ned, men at det i staden blir brukt ein enkel modell som legg same djupne til grunn for alle myrar. I sin klimarapport skriv dei at den nye vegen vil ha ein klimagevinst, samanlikna med vegen som går der i dag. Sverdrup-Thygeson meiner det er utruleg at ikkje klimaeffekten av myrane er med i reknestykket.
Myr og våtmarkssystem lagrar karbon, og er med på å hindre flaum, som det blir meir av med ekstremnedbør. Thygeson forklarer at det difor er veldig viktig å bevare desse områda.
Ei av myrane som NRK har målt, var nesten ni meter djup, noko som betyr at ho er rundt 9000 år gammal. Om denne blir bygd ned av den nye vegen, blir det sleppt ut over 14.500 tonn CO₂ – like mykje som rundt 1700 personar gjer på eitt år, skriv NRK.

Publisert: 02.11.2020 15:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24