Kort fortalt

Ferjefylke gjer felles front

Lanserer nytt initiativ saman med KS.

06.02.2020
(NPK-NTB): Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal, Vestland og KS går saman i kampen for meir pengar til ferjene.
Dei fire fylkeskommunane og organisasjonen til kommunesektoren, KS, lanserer initiativet i Oslo fredag.
Formålet med den nye ferjeklubben er å koordinere arbeidet opp mot Stortinget og regjeringa for å sikre betre finansiering av ferjetilbodet, forklarer fylkesordførar Tove-Lise Torve i Møre og Romsdal.
– Vi tenkjer som så at vi er sterkare saman enn kvar for oss, seier Torve til NTB.
Ho seier gruppa no har konkrete planar for å påverke sentrale styresmakter fram mot framlegginga av revidert nasjonalbudsjett og kommuneproposisjonen i mai.
– Vi har klare forventningar og meiner regjeringa og Stortinget har eit ansvar for å sikre eit godt nok ferjetilbod ute langs kysten, seier ho.
Folk langs kysten har i år opplevd til dels dramatisk vekst i ferjeprisane. Fylkeskommunane og KS gir staten skulda og viser til endringar i den såkalla ferjenøkkelen i inntektssystemet som ein viktig del av forklaringa, saman med store investeringar i nye miljøferjer.
– Vi følgjer lojalt opp krava frå Stortinget og regjeringa om at nye anbod på ferjer og hurtigbåtar skal over på null- og lågutslepp. Det gir oss enorme kostnader, seier Torve.
(©NPK)

Publisert: 06.02.2020 13:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30