Kort fortalt

FHI kartlegg symptomar

Inviterer 150.000 til å delta.

30.10.2020
NPK-NTB: Folkehelseinstituttet inviterer 150.000 personar til å delta i Symptometer, som er eit verktøy for å følgje med på symptom som kan komme av korona.
Dei inviterte er tilfeldig trekte ut frå Folkeregisteret, og deltakarane skal spegle befolkninga.
– Symptometer er eit verdifullt supplement til den andre overvakinga av koronavirusepidemien i Noreg. Det fangar opp symptom i befolkninga uavhengig av testing og annan kontakt med helsetenesta, seier lege Trine Hessevik Paulsen ved Folkehelseinstituttet (FHI) i ei pressemelding.
Resultat frå undersøkingane vil bli oppdaterte kvar veke på nettsidene til FHI, og dei vil òg inngå i vekerapporten for covid-19 og på nettsida Sykdomspulsen for kommunehelsetenesta.

Publisert: 30.10.2020 22:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24