Kort fortalt

Fiasko for reiarlag

Misser statsstøtte til godstransport.

21.02.2020
NPK: I ei årrekke har det vore eit mål å flytte meir godstransport frå veg til sjø. Ei ny stønadsordning frå 2017 skulle gjere overgangen lettare, men no misser fleire reiarlag støtta fordi dei ikkje har overført nok godstransport frå veg til sjø.
I 2017 delte staten ut over 90 millionar kroner til seks reiarlag som til saman skulle flytte 2,7 millionar tonn gods til kjøl over tre år. Tre av reiarlaga trekte seg ut av ordninga før det i 2018 på nytt blei delt ut 70 millionar kroner til dei tre attverande reiarlaga: Color Line, Hav Line og Viasea Shipping, skriv
Til saman skulle reiarlaga overføre 1,8 millionar tonn gods frå veg til sjø over tre år.
Dei tre reiarlaga som fekk stønad i 2018 skulle etter planen overføre 332.000 tonn frå veg til sjø det første året, men enda med å overføre berre 115.000 tonn.
To av reiarlaga som fekk stønad i 2018, Hav Line og Viasea, blir no trekte 13 millionar kroner i stønad. I tillegg får eitt av reiarlaga som fekk stønad i 2017, Base Marine Norway, redusert stønaden med 6 millionar kroner.

Publisert: 21.02.2020 10:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30