Kort fortalt

Fiskarar får overføre torskekvotar

Mottaka har problem med å skaffe arbeidskraft.

03.02.2021
(NPK-NTB): På grunn av mangel på arbeidskraft på fiskemottaka får fiskarar lov til å overføre torskekvotar til neste år.
Dei nye innreiserestriksjonane som følgje av korona skaper problem med å skaffe nok arbeidsinnvandrarar til sesongfisket.
No blir det opna for å overføre ti prosent av kvoten til 2022. Det omfattar mellom anna torsketrålarar, seitrålarar og konvensjonelle havfiskefartøy.
– Kvar enkelt fiskar vil få moglegheit til å overføre torskekvote til neste år. Dette vil bidra til å spreie torskefisket i ein situasjon der mottakskapasiteten og marknadssituasjonen er uavklart, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).
(©NPK)

Publisert: 03.02.2021 09:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23