NPK: – Norske fiskarar har lange tradisjonar for å fiske i færøyske farvatn og avtalen med Færøyane er viktig for oss. Det er bra at vi har fått på plass ein avtale som vidarefører desse fiskemoglegheitene også i 2021, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i ei pressemelding.
Fiskeriavtalen gir norske fiskarar ein kvote på 2.500 tonn lange/blålange, 2.000 tonn brosme og 800 tonn andre artar som bifangst. Noreg har også fått ein makrellkvote på 6.600 tonn. Denne kan fiskast både i færøyske farvatn, norsk økonomisk sone og internasjonalt farvatn.
Færøyane får ein kvote på 4.945 tonn torsk, 1 .00 tonn hyse, 500 tonn sei og 400 tonn andre artar som bifangst i norsk økonomisk sone
I tillegg til desse kvotane, kan færøyske fartøy fiske opp til 4.000 tonn torsk og 350 tonn hyse, som dei har fått gjennom bytteavtalen sin med Russland, medan norske fartøy kan fiske opp til 34.800 tonn av den norske kolmulekvoten for 2021 i færøyske farvatn.

Publisert: 10.12.2020 08:22
Sist oppdatert: 07.04.2021 21:27