Kort fortalt

Fiskerømming får ny topprioritet

Fiskeridirektoratet er bekymra over fiskerømming.

16.01.2020
NPK: I prioriteringane sine for 2020 set Fiskeridirektoratet på nytt fiskerømming øvst på lista til akvakulturtilsynet. I tillegg skal tilsynet prioritere miljøpåverknad frå legemiddel og kopar frå akvakulturanlegg, og kontroll på biomasse.
I 2019 satsa akvakulturtilsynet spesielt på rømmingsberedskap. Der var målet at verksemda sjølv kunne gjere tiltak for å gjere konsekvensane ved ei rømming mindre. I 2020 er målet at fisken ikkje skal rømme frå nota, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.
Fiskeridirektoratet drar fram avlusingsoperasjonen som ein spesielt sårbar situasjon.
– Avlusingsoperasjonar er ein av dei arbeidsoperasjonane som fører til flest rømmingshendingar. Grunnen til at det går gale er i mange tilfelle at risikostyring i verksemda kunne ha vore betre, fortel Knut Lervåg seniorrådgjevar i Fiskeridirektoratet.
I tillegg set direktoratet søkelyset på miljøpåverknad frå legemiddel og kopar. Dei siste åra har bruken av koparimpregneringa auka, og utsleppet av kopar har auka med bruken.
Kopar blir ikkje brote ned, og legg seg difor på havbotnen. Dette kan skade både artar og vassmiljøet.
– Satsinga på kopar vil i hovudsak vere i Vestland fylke, sidan informasjonen vi har viser at utfordringa kan vere størst der, seier Lervåg i pressemeldinga.
Til slutt seier tilsynet at dei vil vidareføre tilsynet av internkontrollsystem frå 2019, for å sjå at verksemder har god nok kontroll på biomassen sin.

Publisert: 16.01.2020 15:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31