NPK-NTB: Dei siste tre vekene har Tollvesenet beslaglagt over eitt tonn fisk på veg ut av landet. Utanlandske fiskarar prøver å ta med mykje meir enn tillatt.
Berre i helga har politiet i Oslo to gonger om beslag i fisk. Ifølgje Tollvesenet er det snakk om privatpersonar som har vore på fiskeferie som prøver å få med seg store mengder fisk ut av landet, skriv .
Ein kan lovleg frakte 15 kilo fiskefilet ut av landet. I tillegg kan ein ta med ein såkalla troféfisk, altså ein stor fisk som er meint som trofé, ifølgje Tollvesenet.
Paul Johan Ask, seksjonssjef for Oslo og Akershus tollvesen, seier det ikkje er misforståingar blant turistane som fører til beslaga.
– Det er personar som prøver seg. Dei har med frysarar, pakkar ned fisken og oppgir feil vekt til oss når vi spør dei. Det er ganske bevisst, seier han.
Dette blir rekna som miljøkriminalitet, og turistane som blir tatt, får bøter på 10–12.000 kroner.
Ifølgje Tollvesenet er det særleg tyskarar, nederlendarar og austerrikarar som kjem til Noreg for å fiske.

Publisert: 31.07.2017 09:37
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41