Kort fortalt

Fjernar dødsfeller

På tokt for å fjerne snøkrabbeteiner.

05.04.2018
NPK: Gløymde snøkrabbeteiner i Smettholet utanfor Svalbard er dødsfeller for snøkrabben. No skal Fiskeridirektoratet for første gong fjerne snøkrabbeteinene som ligg att på havbotnen.
Teinene fungerer som dødsfeller for krabber og fisk fordi dei lett kjem seg inn i teinene, men ikkje ut. Dermed døyr dei inne i teinene, og blir til agn for den neste bølgja av dyr som går inn og blir fanga, skriv
– Dermed har vi ein evig syklus der krabber og fisk blir fanga og døyr heilt unødvendig, heilt til teina går i sund og blir til plastsøppel på havbotnen i staden, seier Fredrik Myhre, seniorrådgjevar i Verdens naturfond (WWF), til statskanalen.
– Det er berre på sin plass at Noreg tar på seg ryddeoppdraget. Noreg har tradisjonar på rundt 40–50 år med gjenvinning av fiskereiskapar, så dette skal gå rimeleg bra, seier seniorrådgjevar Gjermund Langedal i utviklingsseksjon til Fiskeridirektoratet.
Det er venta at toktet skal byrje i mai og vare frå 25 til 40 dagar.

Publisert: 05.04.2018 06:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39