Kort fortalt

Flakk med ny trasé for Sulagondolen

Ber om avklaring frå lokalpolitikarane.

23.04.2021

Flakk Gruppen meiner framleis at den første gondol-traseen dei teikna er den beste, men no har dei teikna ein ny, skriv Sunnmørsposten.

Teikninga av den nye traseen som råkar færre bustader enn den førre, ligg ved sakspapira til formannskapet sitt møte tysdag.

Den nye traseen går søraustover frå Devoldfabrikken, over Hargaugen mot ein mellomstasjon nordvest for Svanshornet, før den går sørvest mot Rundhornet, ifølgje avisa.

I eit brev til kommunedirektøren ber Knut Flakk og Terje Devold i Flakk Gruppen om ei klar tilbakemelding på prosjektet basert på den alternative traseen og andre kjente opplysningar i saka.

Publisert: 23.04.2021 09:12

Sist oppdatert: 23.04.2021 09:14

Mer om