Sulagondol illustrasjon snøhetta 11
TOPPSTASJON: Slik ser arkitektkontoret Snøhetta føre seg at toppstasjonen for ein Sulagondol kan sjå ut. Illustrasjon: Snøhetta
Nytt

Går vidare med Sulagondolen

Politikarane vil starte prosessen med det som kan bli den største reiselivssatsinga på Nordvestlandet.

Marius Rosbach
03.03.2021

Under onsdagens møte i det faste utvalet for plansaker i Sula blei det klart at Flakk Gruppen ligg an til å få grønt lys til å starte ei områderegulering for prosjektet «Destinasjon Sulafjellet».

Saka skal vidare til kommunestyret til endeleg behandling.

– Ut frå dei tilbakemeldingane vi har fått, så er dette noko mange på Sula ønsker at vi skal få ein gong i framtida, sa Øystein Båtnes (Frp) då han gjekk på talarstolen som førstemann.

Han la likevel ikkje skjul på at både han og andre i partigruppa hadde motførestillingar, ikkje minst etter å ha møtt bebuarar som kan bli råka av ei utbygging.

Ville ha område med erstatningstomter
Traseen som er føreslått vil råke kring 25 bustader og Båtnes skulle gjerne sett at det blei valt ein trase. Han påpeika samtidig at det var eit krav i prosessen om å vurdere andre alternativ.

Frp-politikaren ville ta med i vedtaket at det skal settast av eit område med erstatningstomter for dei som eventuelt må flytte. Han påpeika at dei såg føre seg eit område der utbyggjaren kan tilby ferdigregulerte tomter.

Fleire stilte seg positive til å ta med eit slikt punkt seinare. Før votering opplyste Båtnes at han trekte forslaget og i staden ville kome tilbake med det i kommunestyret, etter at innhaldet var kvalitetssikra juridisk.

(saka held fram under)

Sulagondol illustrasjon snøhetta 22
FRILUFTSAKTIVITETAR: Flakk ser mellom anna føre seg preparerte langrennsløyper utover platået og en alpintrasé til mellomstasjonen på gondolen. Illustrasjon: Snøhetta

Ikkje grønt lys for utbygging
Alle som gjekk på talarstolen understreka – slik det også blei gjort i saksutgreiinga – at grønt lys til å starte prosessen, ikkje var det same som å seie ja til utbygging.

Ordføraren omtala også vedtaket som ei prinsippavklaring då NETT NO omtala saka tidlegare i veka.

– Vi i KrF er samde om at vi ikkje skal ta ned bommen no, sa Elin Kilvik Skeide (KrF) og viste til at det er kommunen som vil ha styringa i saka.

– Vi ønsker også å halde fram med saka. Då blir den belyst breitt og godt, og då kan alle få kome med sine innspel, sa Vibeke Bjørkavåg (H).

Ho fekk med seg eit fleirtal i utvalet til å legge inn fleire punkt i vedtaket som klargjorde korleis prosessen skulle gå føre seg.

Vi ønsker også å halde fram med saka. Då blir den belyst breitt og godt, og då kan alle få kome med sine innspel
Vibeke Bjørkavåg

Vil at politikarane godkjenner avtalen
Jan Magnar Sandvik frå Sulalista gjorde det klart at også han ville stemme for å starte prosessen, og det same gjorde ordførar Jim Arve Røssevoll.

– Eg ønsker at vi får meir fakta på bordet, med ei konsekvensutgreiing der vi ser på alternative trasear, sa ordføraren.

Om kommunestyret seier seg samd med utvalet i sitt møte i slutten av månaden, vil neste steg i saka vere at kommunedirektøren inngår ein avtale med Flakk Gruppen, som skal godkjennast av formannskapet. Først etter at dette er skjedd, vil sjølve reguleringsarbeidet starte.

Møtet blei strømma direkte på Facebook (ekstern lenke)

Vil investere 400 millionar
Knut Flakk fortalde i desember i fjor om planane for å satse kring 400 millionar kroner på gondolbane frå Devoldfabrikken til Sulafjellet og utvikle friluftsaktivitetar på Sulafjellet.

Om prosjektet blir realisert, vil det dreie seg om det største reiselivsprosjektet i regionen. Til samanlikning kosta Loen Skylift-investeringa i Stryn drygt 300 millionar. Gondolbana under bygging i Åndalsnes, er anslått å koste rundt 150 millionar.

Publisert: 03.03.2021 18:16

Sist oppdatert: 03.03.2021 19:44

Mer om