NPK: Ei undersøking frå Nationen viser at 70 prosent av befolkninga er fornøgde med breibandsdekninga i Noreg.
Undersøkinga som stilte spørsmål om kor fornøgd innbyggjarane er med breibandsdekninga vart gjennomført av Sentio for Nationen. Ni prosent svara at dei er misfornøgde eller svært misfornøgde med breibandsdekninga i Noreg. Det er ei forbetring frå 2018, då 14 prosent svara at dei var misfornøgde eller svært misfornøgde.
Befolkninga i Finnmark er minst fornøgde med breibandsdekninga. Der svara berre 33 prosent at dei er fornøgde med dekninga.
Helge Blyberg, politisk rådgivar i IKT-Noreg, seier til Nationen at god tilgang på internett er heilt avgjerande for folk.
– I næringslivet er det vilje til å sikre god tilgang for alle i Noreg. Vi meiner politikarane framleis må bidra til utbygging der det blir for dyrt for næringslivet, seier Blyberg. IKT-Noreg er ein interesseorganisasjon som arbeider for å styrke dei digitale rammevilkåra for næringslivet.
I undersøkinga kjem det fram at innbyggjarane i det som tidlegare var Vestfold fylke er mest fornøgde med breibandsdekninga. Der svara 87 prosent at dei var fornøgde eller svært fornøgde. Like bak kjem tidlegare Sogn og Fjordane. Der svara 86 prosent av innbyggjarane at dei er fornøgde eller svært fornøgde med breibandsdekninga.

Publisert: 07.01.2020 12:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31