Kort fortalt

Fleire forsyningsskip blir skrapa

Tre gonger så mange er selde til skraping.

28.03.2018
NPK: Det kan bety ei betring i marknaden for offshorereiarlaga.
Denne veka kom det meldingar om at offshorefartøya får betre betalt for jobben dei gjer. Det er i hovudsak ankerhandteringsskip som har fått betre ratar.
No kjem det tal som syner at marknaden for forsyningsskipa kan friskne til. Årsaka er at offshorereiarlaga ser ut til å ha tatt innover seg at flåten deira må reduserast, skriv .
Ifølgje selskapet Vesselsvalue har 43 forsyningsskip blitt tatt ut av drift i år. Det er ein auke på 153 prosent frå første kvartal i fjor. Det amerikanske reiarlaget Tidewater har seld 13 skip til skraphandlaren i år. I fjor skrapa det hardt pressa reiarlaget 16 skip.
Forsyningsskipa fekk lite å gjere i kjølvatnet av oljebremsen. Det ligg i dag 141 norske offshoreskip i opplag, ifølgje opplagsregisteret til . Dei første månadane av 2018 har stadig fleire skip forsvunne på skraphaugen, men det er lite truleg at norske skip blir teke ut av opplag, melder nettavisa.

Publisert: 28.03.2018 17:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39