NPK-NTB: Generelt sett er det fleire som held fartsgrensene enn før. Men fordi politiet har fleire kontrollar, auka talet som fekk fartsbot frå 2018 til 2019.
Av 200.000 bøter i 2019 var 182.373 bøter for for høg fart, skriv Bergens Tidende. Det er 12.000 fleire enn i 2018 og ein auke på 7 prosent, men folk oppfører seg faktisk generelt betre.
– Vi har tatt nokon fleire i å køyre for fort, men generelt sett held fleire fartsgrensene. Vi har hatt meir treffsikre politikontrollar i 2019, forklarer assisterande UP-sjef Roar Skjelbred Larsen.
Ein annan stor post er «åtferd», der 30.676 personar fekk bot, og av desse fekk anslagsvis to tredelar bot for feil bruk av mobiltelefon.
– Folk er uoppmerksame anten på grunn av prating i telefon eller tasting på mobilen.
Annan åtferd som blir bøtelagd er aktløyse, brot på vikeplikt, køyring i strid med trafikkskilt og ulovleg forbikøyring.
I 2019 vart det i tillegg gitt 9.743 bøte for ruspåverka køyring.

Publisert: 05.03.2020 07:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29