NPK-NTB: Trass i nedgangen i bilsalet under koronapandemien har salet av Porsche, Mercedes og Audi skote i vêret i Noreg i år.
Så langt i år er det ifølgje Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV) registrert 869 Porschar i Noreg. Det er meir enn ei firedobling samanlikna med fjoråret og allereie langt over det førre rekordåret 2018. 577 av desse er elbilen Taycan, som framleis nyt godt av momsfritak, skriv .
Men personbilsalet totalt har ifølgje registreringsstatistikken til OFV falle med 23 prosent til 64.761 bilar så langt i år. Dette kjem av koronapandemien, som medførte produksjonsstans, leveringsproblem, permisjonar og ei generell uvisse i marknaden.
Mercedes-Benz har nesten dobla salet i år samanlikna med fjoråret. Det kjem ifølgje konserndirektør Kjetil Myhre i Mercedes-Benz personbil mellom anna av at dei no har eit fullt år med den heilelektriske modellen EQC.
Audi har hatt ein salsauke på 75,8 prosent, og meir ein ni av ti bilar er elbilen e-tron.
– Vi er veldig fornøgde med året så langt, sjølv med dei utfordringane vi har stått i denne våren. E-tron er naturlegvis vår mest selde modell, seier Audi-sjef Elin Rosnes Sinervo.

Publisert: 28.07.2020 07:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25