NPK-NTB: Økokrim får nesten dagleg meldingar av personar som har tapt store summar etter å ha kjøpt binære opsjonar i utanlandske selskap.
Ifølgje Økokrim er det ofte snakk om personar som blir trua etter å ha investert i binære opsjonar i selskap som verkar legitime, skriv .
– Særleg er det vaksne kvinner som blir overtalt til å investere i dette. I fleire tilfelle har det vore snakk om millionbeløp. Ofte er det slik at truslane begynner når offera vil trekkje seg ut, seier førstestatsadvokat Trude Stanghelle i Økokrim til avisa.
Truslane dreier seg gjerne om at ein misser alle pengane om ein ikkje set inn meir, eller at institusjonane påstår at offeret skuldar dei pengar.
Stanghelle seier at trass tilsynelatande profesjonelle tilbydarar er investeringsopplegga som blir tilbydd svært ofte ikkje anna enn reine bedrageri.
– Det kan vere tilbod via mail, eller det kan vere annonsar på Facebook eller andre stadar. Det kan også vere menn ein har møtt på nettet, som seinare kjem med tilbod. Det startar gjerne med lågare beløp, for eksempel 20.000 kroner, og kan ende med millionbeløp, seier rådgjevar Anne Dybo i Økokrim.
Binære opsjonar er ein lovleg form for online trading. Stanghelle kjenner ikkje til norske dommar per i dag relatert til dette. Ho antar at fenomenet er for nytt.

Publisert: 01.08.2017 09:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41